onsdag 25. juni 2014

Olav Solberg med ny biografi om Telemarks-diktaren John Lie

Fredag 25. juli kjem far min, Olav Solberg, ut med biografi om diktaren John Lie (1846-1916) frå Fyresdal. Ringar i vatn heiter den, og gir eit unikt bilete av ein spennande og mangesidig diktar.

John Lie gav ut ei rekkje bøker, mest romanar og forteljingar, men òg fine dikt. I tillegg var han spelemann, kritikar og journalist – han drog jamvel til Amerika for å halde foredrag og spele fele. Han levde og han kjempa, mot krefter i natur og kultur, og mot krefter i seg sjølv. Og han sette spor etter seg, ikkje berre i skrift. 

Biografien om John Lie blir lansert på Olsok-dagane i Fyresdal, (i samband med at Sven og eg held opningskonsert der.) Så kom til Fyresdal kurs og leirstad den 25/7 kl. 18.00! Samtidig gir lillebror Jon og eg ut CD'en Røter, den kjem eg tilbake til. :-)

Litt morosamt for meg er det sjølvsagt også at John Lie var tippoldefar min, og pappas oldefar på morssida. Ringar i vatn er svært interessant lesning for alle som likar god litteratur, spennande kulturhistorie og fascinerande folk frå fortida.

Les meir på sidene til Novus Forlag. 
Her kan du også bestille Ringar i vatn
http://novus.mamutweb.com/Shop/Product/Solberg-Olav-Ringar-i-vatn/102669


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar